Boutiquehotell

Lite Boutiquehotell med 6 unike, komfortable rom med store, flislagde baderom med dusj inne i eit utvends tilsynelatande slite, grått gardshus. Huset er fint restaurert og romma er komfortable med alt det ein ventar å finna i eit moderne hotellrom.

Det er to gode dobbeltrom i det som tidlegare var kjøkkenet og kammerset, det er to romslege dobbeltrom i det som var stova og lemmen, eitt firesengsrom på loftet og eitt svært spesielt rom i den gamle årestova frå 1600 talet.

Alle romma har eige bad med dusj og toalett.

Det er elektrisk oppvarming i alle rom, i tillegg har dei store dobbeltromma og Eldhuset også vedomnar/peis.

Til tross for at det er eit gamalt tømmerhus har me lukkast med nokonlunde god lydisolering så det er ikkje spesielt lytt i huset.

Alle romma har vannvarmar og eit utval te/pulverkaffi, flatskjerm tv og WiFi. Det er ikkje minibar eller kjøleskåp.

Me har dagleg vask/rydding på romma og resepsjonen står til teneste døgnet rundt.

Det er ikkje lov å ta kjæledyr inn på romma.