Voss er eit midtpunkt og knutepunkt i Fjord Noreg, me ligg her midt mellom alt. Ein god time til Bergen, ein halvtime til Hardanger og 40 min til Sogn. Her kan du bu ei veke og få med deg noko nytt kvar dag så det er ingen grunn til å lata reising og flytting eta opp ferien din.

Innan tre – fire km frå Store Ringheim finn de Voss Resort, Voss Folkemuseum, Voss Golf, Voss Rafting / klatrepark, Voss Vind, Voss sentrum, Voss Skydive, Een Fotballgolf, Utebassenget, Finneloftet, Galleri, Prestegardsmoen park og strandområde, Tandem Paragliding, padling, Bordalsgjelet og mykje meir.

Her er noko for alle.

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no