Bryllup

Brudlaup på Store Ringheim

Store Ringheim er ein perfekt stad til å ha store og små brudlaup. Er brudlaupet over femti gjester kan de disponera heila huset utan forstyrringar av noko slag (unnateke middag til evnt hotellgjester som ikkje tek del i brudlaupet)

35 – 50 gjester får heile hovudhøgda medan færre enn 35 gjester får det største rommet i hovudhøgda.

Me har maksimalt 89 sitjeplassar i eitt rom til middagen, totalt 120 sitjeplassar. De disponerer eitt eige rom til gåver og dette kan låsast av etter dykkar ynskje og treng ikkje ryddast før dagen etter.

Seier vermeldingane at det vert regn har me eit stort telt til å setja opp på uteplassen der ein kan njota velkomsten og ta imot bruraparet..

Vigsla kan føregå hjå oss, andre stader eller i Vangskyrkja frå 1277 – ei av dei mest romantiske kyrkjene i landet.

Me vil alltid strekkja oss langt for å gjera denne største dagen i livet dykkar til ein minnerik dag, i prisane ligg førereiing og møter der me saman syr i hop eitt opplegg som passar dykk perfekt og me sørgjer for ei saumlaus gjennomføring. Det skal vera sutalaust å ha eit brudlaup hjå oss.

I tunet og husa her er det mange fine bakgrunnar for foto som gjev ekstra gode minne om ein fin dag, ta gjerne med fotografen opp hit.

Alle pakkene inkluderer leige av anlegg og lokale, planleggjingsmøte, festdekka bord med tøydukar, fine serviettar, blomevasar med blomar, levande ljos, servering, musikkanlegg tilrettelagt for spelelister, flygel, servering og rydding, evnt telt ved dårlege vermeldingar(sommar). Evnt tillegg er kjøp av drikke etter middagen.

Me har seks rom med 14 senger i hotellet. Prisar ligg på www.dehistoriske.no

IMG_0803

Brudlaupspakker 2015

«Laust og Ledig» – kr 1190,-

1 glas Kvasshovden sider som aperitif
Buffet med langsteikt svin som varmrett.
Vinpakke med utvalde vinar til middag, tre glas.
Kaffi og oppsett av kakebuffet med dykkar eigne kaker
1 glass husets konjakk/baileys
Snacks på bordet utover natta.

«Skikkeleg Brudlaup» – kr 1390,-

2 glas Kvasshovden sider eller husets Prosecco som velkomstTre retters middag med meny etter avtale.
Vinpakke med utvalde vinar til middag, fire glas inkludert dessertvin
Kaffi og oppsett av kakebuffet med dykkar eigne kaker
1 glass husets konjakk/baileys/Apal
Snacks
Nattmat: Betasuppe med brød

«Heilt topp» – kr 1590,-

2 glas Kvasshovden sider eller husets Prosecco som velkomst
Fingermat ved ankomst
Fire rettars middag med meny etter avtale
Vinpakke med utvalde vinar til middag, fire glas inkludert dessertvin
Kaffi og oppsett av kakebuffet med dykkar eigne kaker
Husets konjakk/baileys/Apal
Snacks
Nattmat: Saltmat eller ein god gryterett med brød.

«Dagen før dagen» – kr 450,-

Grillfest på uteplassen vår med grilla svin og pølser, salatbuffet og brød

Alle prisar pr person.