Øpstelemmen

Øpstelemmen

border

"Øpstelemmen" er heile loftshøgda i det gamle Gardshuset frå 1860. Eit lyst og triveleg rom med utsikt både til nord, aust og sørvest. "Øpstelemmen" var rommet til Svein, dagens vert & eigar, då han var ung.

"Øpstelemmen" er eit familierom med ei dobbeltseng og to innebygde enkeltsenger. Det er eit romsleg og godt rom for ein familie. Her er ei sittegruppe, tv og mogleg å laga seg noko varmt å drikka. Nb. Det er ein nivåforskjell med eit opplyst trinn i dette rommet.

I løa (resepsjon/restaurantbygningen) har me eit lite mini-bibliotek der ein kan finna alt frå Donaldblad, interiørblad og til bøker av ulikt slag. Eller kva med ein omgang med Ludo?

  • "Familierom"
  • Dobbelseng
  • 2 innebygde enkeltsenger
  • Sittegruppe
  • Moderne baderom med dusj & toalett
  • Vannkokar og eit utval av te/kaffi
  • TV
  • Trådlaust nett
  • Elektrisk oppvarming
  • Dagleg vask & rydding
  • Frukost

Me har ikkje kjøleskåp/minibar på rommene.  •  Det er ikkje lov å ta med kjæledyr på rommet.

Innsjekk frå kl. 16.00 og fram til kl. 20.00. Utsjekk innan kl. 12.00. 

e: booking@storeringheim.no  •  t: +47 954 06 135

border

e: booking@storeringheim.no  •  t: +47 954 06 135