Gardsbutikk

Her er byrjinga på gardsbutikken der de vil finna ei rad gode produkt me har utvikla her på Store Ringheim, både trauste, tradisjonelle produkt etter gamle gardsoppskrifter og andre gode ting. Me brukar kjøt frå Voss Gardsslakteri eller vilt frå Voss og Vestlandet og lagar produkta våre med så lite tilsetjing som mogeleg som regel berre salt, sukker og pepar. Den viktigaste ingrediensen er faktisk tolmod, for det må ein ha skal det verta god mat:)

Produktliste

  1. Pinnakjøt av Vossalam frå Voss Gardsslakteri  kr 335 pr kg
  2. Laga av lammesider utan rygg,nakke og svange, salta, røykt og modna (ikkje tørka) Vatnast ca ein time, dampast 3,5t

Rudlepylsa (Lammerull) av Vossalam  Kr 415,- pr kg                             laga av lammesvangar, salt og pepar, røykt og kokt.

Store Ringheimskorv av Vossalam  kr 180,- pr kg                            Laga av lam (heile lammet), salt, pepper og røykt

Speka villhjort  Kr 395,- pr kg                                                           Laga av villhjort frå Hordaland (Jegergodkjend), salta, røykt og deretter modna minst 3 mnd.

Speka hjortepølse kr 395,- pr kg                                                        Laga av villhjort frå Hordaland og svin frå Voss Gardsslakteri etter den gamle måten med mjølkesyregjæring, kun salt og kjøt.

Speka ytrefilet av utegangargris frå Voss Gardsslakteri  kr 315 pr kg  Laga av ytrefilet av Vossagris og litt salt. Røykt. Nydeleg skinkesmak med moderat med salt, topp til salatar eller flatbrød.

Apalgrava Fjellaure  Kr 490 pr kg                                                  Fjellaure frå Hardanger Fjellfisk grava med Apal eplebrandy frå Hardanger Saft og Siderfabrikk i Ulvik, salt, sukker, svart pepper og nellik.