9 nye rom er straks ferdige

12.02. opnar me opp 9 nye rom på Store Ringheim og aukar med det kapasiteten med 150%. Me har teke i bruk det gamle redskapshuset og omforma det til å verta eit koseleg hus i tunet med 9 rom fordelt over to høgder. Slik ser det ut no i kveld nokre veker før den store dagen.

Endå me no har auka dramatisk vil me sjølvsagt ikkje verta store. Me vil framleis ha den same gode personlege servicen som gjestene våre set slik pris på, men no vert det fleire som får høve til å gjesta oss og nyta godt av dette.

Me kan også omsider kunna sei ja til alle dykk som har kontakta oss og vil halda eit lite kurs eller ein samling ein annan stad enn A4 tilbodet. Her kan de nyta god mat og god atmosfære, kjenna distraksjonar og stress sleppa taket og få ro og arbeidslyst. Me legg alt til rette så de kan tenkja på det som skal gjerast utan forstyrringar. Me er endå så små at de kan leiga heile anlegget om det skal ha spesielle eller sensitive saker framme, ta berre kontakt.

Me vil gjerne at nokre av gjestene vår skal får vera med på denne store hendinga og har difor laga eit Facebooklotteri der vinnaren får be med seg 8 vener eller familiemedlemer og vert dei første som overnattar i det nye hotellbygget 11.02., dagen før dagen. Ikkje nok med det, om kvelden spanderer me tre rettar middag med aperitif på desse 9 heidersgjestene. Kunne du ha lyst til å verta denne eine..lik innlegget og sida vår så trekkjer me ein, 1 vinnar blant desse den 01.02.16

https://www.facebook.com/Store-Ringheim-102903179764389/?fref=ts

Posta i