Store Ringheim skal også vera staden for dei store anledningane slike som brudlaup. Der har huset lange tradisjonar allereie sidan dei fleste brudlaupa her på garden er vorte feira der. Bileta her er frå mor og far sitt brudlaup på femti talet. Det var eit tradisjonelt bondebrudlaup som vara i tre dagar. Det var prosesjon frå kyrkja og til gards, plasseringa i denne var fastlagd i tradisjonen på dei ulike stadane. Deretter var det sjølvsagt mykje mat og leik og moro i tre heile dagar til ende. Me kan mellom anna nevna reising og felling av tuntre, skoauksjonar der alle tilgjengelege sko vart stolne om natta og auksjonerte ut dagen etter til stor moro, anna hærverk som opphenging av barnevogner, sko etc i telefonstolpar, flaggstenger eller andre stader.
Folk arbeidde hardt før men jammen hadde dei sans for å mora seg og.
Me meiner staden vår er særdeles veleigna til slike arrangement når me opnar til våren. Me har ein stor sal til middagen, me har god plass til myldring mellom øktene – både ute og inne, me vil få opplegg for både musikk og mikrofon til talar slik at sjølv dei mest lågmælte vert høyrde, og skulle nokon få lyst til å laga litt uskuldige spilloppar kan sikkert det ordnast også – me får sjå.
Me synest også at plasseringa vår – ute på landet men berre 1,5km frå sentrum er perfekt. Kanskje det kan verta brudlaup med prosesjon att på Voss? Hest og kjerre er også godt innan rekkjevidd.
Me har allereie hatt ein del førespurnader så om de er giftelystne kan det vera lurt å ta kontakt i god tid : )

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no