Når nettene blir lange og kulda setter inn.. som det så treffande vert sunge i musevisa til Prøysen, då er tida komen for førejolskos og kjekke stunder med familie, kolleger eller vener. Det er som ein lengtar etter ein god og varm plass med fyr i peisen, levande ljos og god mat og drykk og Store Ringheim er staden seier gjestene våre.

I ei koseleg gamal løe, rustikk og grå ute, vakker og koseleg inne, ligg restauranten og selskapslokala våre. No er det ikkje lenge til me pyntar til jol så det kjem tittande fram nissar og englar i krokane, jolatre og glitter og stas, kom innom og kjenn på den gode, gamle jolastemninga i romma der det før var hestar, sauer og kyr.

I tillegg så serverer me også svært god mat og no fram til jol kan me lokka med god gamaldags jolamat som vårt eige tradisjonelle pinnakjøt av Vossalam frå Voss Gardsslakteri og svineribba med sprø svor frå same staden. Lutafisk og jolatorsk kan også ordnast sjølvsagt.

På fredagar og laurdagar har me eit fast jolabordopplegg der me startar kvelden med ein aperitif av sider eller saft frå Nils Lekve i Ulvik før bordseta startar. Det vert servert ein fire rettars jolamiddag der forretten er laaangsteikt laks med fennikelsalat og persille/pepperrotskum. Deretter ein hovudrett med pinnakjøtet vårt, korven vår og godt fulgd av poter og nepestappa. Den andre hovudretten er tradisjonell svineribbe med sprø svor, medisterkaker, raudkål, poter og gulrøter. Til sist vert det dessert med molteostekaka (sjølvplukka molter sjølvsagt:), heimalaga blåbæris med bringebærkuli. Deretter er det dans utover natta til musikk av Laine de Wolfe.

Om dette vert i meste laget har me sjølvsagt enklare tilbod med eit utvalg av jolatallerkenar. Opningstida vår er tor – søn 17 – 21 men dersom de er ti eller fleire opnar me også opp utanom opningstidene, ta kontakt på 95406135 og finn ei tid som passar dykk.

Me ser fram til ei god og koseleg førjolstid og ser fram til å ha dykk alle som gjester her hjå oss, hjarteleg velkomne til ei roleg stund i førjolstida:)

 

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no