Nye Utstillingar i Galleriet

Kari Ekås utstillinga er over og dei kjekke hønsene har flaksa ut gjennom dørene ilag med huldrene, synd dei måte fara men dei hadde allereie ein annan avtale. Me vonar dei kjem att ein gong.

No har me to spanande kunstnarar på veggene; Astrid Grue og Eirik Tvilde.

Astrid Grue er keramikar og målar.IMG_1597

Sjå CV`en hennar her: CV

Her hjå oss stiller ho ut eit knippe skulpturar i steingods, verkeleg vakre damer der ho har fanga kjensevare ansiktsuttrykk som gjer inntrykk, vel verdt å ta ein tur oppom og titta på.

Meir info om Astrid på: Facebook  eller på Astrid Grue

Eirik Tvilde er ein Vossagut som er oppvaksen på Tvilde men som no bur i Porsgrunn. Av utdanning er han førskulelærar og kunst og handverkslærar og har m.a. eitt år på Einar Granum Kunstfagskule.

Eirik sine bilete handlar om Norsk kunst og kultur, supplert med interessa for andre kulturar og historiske hendingar. Subkulturar, mytar og faktiske hendingar som har glide litt inn i gløymslo er noko Eirik ynskjer å dra fram i ljoset, men ikkje heilt fram. Det står sjeldan titlar på bileta då han tykkjer det øydelegg opplevinga for åskodaren.

IMG_1594Han er særleg inspirert av Theodor Kittelsen, Peter Doig, Daniel Richter, Peter Howson, Tiedemand og Gude.

I tillegg til ein inspirerande tur i Galleriet her på Store Ringheim kan du sjå meir bilete frå Eirik på; Facebook

Opningstidene er dei same som for restauranten – tor – sønd 17-21 men det er lurt å ringja først. Det er også mogeleg med andre tider, ring for avtale.