Oppbygging av svoler

Etter at me var ferdige å dura på med maskin innvends var det på tide og byggja oppatt svolene som skulle vera ytrevegger i løa. Opp mot tunet måtte me støypa ein vegg opp i høgde med tunet. Sidan det var ikkje akkurat overflod av pengar leigde me inn to polske frå eit lokalt formidlingsbyrå til dette. Om det vart billegare veit eg knapt sidan desse to ikkje visste så mykje meir om forskaling enn eg gjorde. Men forskalinga kom no opp til slutt. Då me skulle støypa viste det seg at det nok var visse svakheiter i forma for den heldt på å rivna! Heldigvis gjekk det bra.Svolene på dei to andre sidene av løa var ikkje heilt nedrivne, deler av reisverket og nokre sperrer sto att. Her vart det supplert med reisverk og sperrer.
Me valde å bruka grove standarar på 6X6 tommar i reisverket i tilfelle me ville ha noko av konstruksjonen synleg seinare. Utanpå desse vart det lagt opp 2X4 liggjande på høgkant som spikarslag for gipsplatene som me hadde ytterst mot kledningen. Så grov material var det også vanleg å bruka i gamal tid men då med lenger mellomrom enn det me har brukt.
Som kledning valde me  å bruka ukanta 1″ ospebord. Desse skal ikkje målast men gråna naturleg. I ein faldar med tilrådingar frå fylkesmannen var det tilrådd å bruka utadla sibirsk lerk men me meiner at osp har meir naturleg tilhøyrigheit til området og den har også gode eigenskapar med omsyn til råte så lenge ho ikkje kjem i kontakt med jord, så det vart osp. Før i tida brukte dei hunabord av ulike treslag til å kle løene, dersom det rotna var det berre å slå opp eit nytt men det skulle rotna mykje før det vart gjort.

No, fem år etterpå har kledningen gråna fint og løa ser skikkeleg gamal ut.

Posta i