Den store pinnakjøtfesten vår vert i år som ellers på Skjærtorsdag. I år er det den 13.04. kl 18:00. Me sikra oss i fjor haust slik at me lagde rikeleg med pinnakjøt, so me har meir enn nok att til eit skikkeleg etegilde.

Me vil sjølvsagt ha litt underhald og litt anna, men det er ikkje heilt i boks endå så det må me koma attende til, men me kan minna dykk på suksessen frå i fjor der me hadde ølsmaking og produkt frå Vossakjøt presentert av Willy Roger Jakobsen og musikk og sannsoger av Jon Aske. Inkart bra vert det i år og:)

Etter innleiande program sessar folket seg og pinnakjøtet kjem på bordet og berre så det er sagt – målet er å eta opp alt me har att. Dette gjekk nesten i fjor etter imponerande innsats av gjestene, me hadde nett att nok til ein liten grynasupan etterpå, godt jobba!

So treng de å byggja opp energilagera til hard innsats i påskefjellet eller kanskje de berre likar pinnakjøt og fest, kva veit me, de er uansett hjarteleg velkomne på Skjærtorsdag.

Ring oss eller send epost på 95406135 eller booking@storeringheim.no

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no