Den store pinnakjøtkvelden vår på Skjærtorsdag vart brått mykje meir interressant, me får nemleg besøk av HandverksbryggHandverksbryggeriLogoSamleeriet med Vossabrygg og Vossakjøt den kvelden der det vert råd å sjå nærere og smaka på både nyhende og gode gamle travarar utan at me har høve til nevna meir detaljar om kva, lit berre på oss – det vert kjempebra:)

Jon Aske, «Vossafårmannen» er også på plass med eigne viser og sannsoger, me reknar sjølvsagt med at det kjem ein Vossastubb eller to etter Per Sivle også.

Prisen på gildet er derimot klar og den vert som vanleg rimeleg – kr 490,- kostar ein triveleg kveld på Store Ringheim med eit spanande møte med nye produkt frå Vossabrygg og spekjemat frå Vossakjøt og skikkeleg godt pinnakjøt frå oss og korv frå Vossakjøt.

Me oppmodar og folk som har ei god soge, spelar inkart eller kanskje vil bidra med eit stev eller to om å koma og verta med på å laga ekstra stemning:)

Me startar kl 18:30 med ølsmaking og spekjemat før me går til bords og meiskar oss med pinnakjøt kl 19:30. Etterpå når alle er gode og mette dreg Jon Aske i gang med underhaldinga, viser og sannsoger.

Dette vert ein skikkeleg «Høgdare» for alle dekan Vesser og andre som likar tradisjonsmat og drykk, her er ingen grunn til å drøya, meld dykk på:)

 

 

 

 

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no