Vossajazz 2015 opningskonsert-Eirikåsheim-6-M

Vossajazz 2015

Då er det berre dagar til årets Vossajazz er i gang med eit kjempegodt program.

Les det her: Vossajazz 2016

Me er stolte over å bu i ei bygd der det er så mykje som hender til eikvar tid og der det er mange flinke og kreative menneske som set farge på kvardagen vår. Vossajazz er den eldste av festivalane her i bygda og kanskje den mest vitale. Her finn både «hardcore»jazzarane sin musikk og dei meir søkjande etter nye rytmar og uttrykk. Borna, dei gamle og alle oss andre – festivalen femner vidt og har vorte vidkjend for det. Ved å leggja han i palmahelga har arrangørane gjort den genistreken at han både fyller opp ei vanlegvis roleg helg for hotell og konsertlokale samstundes som han innleiar festivalsesongen i Noreg som den fyrste store jazzfestivalen som går av stabelen i året. Det er alltid best å vera fyrst i staden for ein i «hovudfeltet»  både innan kulturen og idrotten:)

Me ynskjer at festivalen vert ein success i år og og at han må leva i mange år enno:)

Hjå oss kan slitne jazzarar og andre finna ein roleg oase med sakta jazz i musikkanlegget og god mat og drykk ved bordet. Slik kan ein ta seg innatt før ein kastar seg ut i endå ein kveld full av inntrykk, musikk og gode vener.

Jazz på Voss – mat hjå oss!

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no