Siloane var eit kapittel for seg sjølv. Silohistoria på garden starta på 60 talet då det vart støypt ein solid bunkers der som den nordlige svola var før. Denne vart fyllt med ei høykanon og pressa ned med stein som vart lempa ut og inn gjennom eit hol i veggen. Tungvint kan me nok tykkja i dag men det var nok eit stort framsteg i si tid.
Nokre å seinare vart det bygd ein silo i konnbrotet, denne var laga av tre, pløgde golvbord frå skogteigen vår i Skulestadmoen.
Denne vart også snøgt for liten så det vart sett opp ein rund Soldal tresilo i høybrotet. Denne var med eit lite påbygg rundt 8m høg og fyllte opp heila høybrotet. Fyllinga av desse siloane vart opprinneleg gjort med ei høykanon, sidan med ein silotransportør (transportband). Graset vart frakta inn på laoen med traktor og hengar, det var ikkje høgde for å tippa så det vart brukt ein lem bak i hengaren, i denne var det festa ein kjetting som hang ut bak, denne kjettingen vart så festa i ein solid stokk innst å laoen før traktoren kjøyrde ut att og lemmen drog lasset av – snedig. Det var litt av eit styr i siloslåtten, me måtte vel vera tre-fire personar på laoen og i siloen for å ta unna før neste lass kom. Innimellom så måtte silotransportøren flyttast frå eine siloen til hin, det var tungt og trongt men effektivt syntest me på den tid. Knappe fjorten dagar tok slåtten då mot to månader med hesjing tidlegare, i år kom ein traktor med ei stor slåmaskin og slo ned alt på to timar, dagen etter kom ein balleentreprenør og balla det på ein ettermiddag…
Men no var det rivinga dette skulle handla om. Støypesiloen var heilt uaktuell å riva, dessutan så høver han fint til toalettanlegget i løa.
Den vetle tresiloen var skikkeleg solid bygd, så det var litt av ein jobb å få han vekk. Her kom røynslene med arbeid i tau godt til nytte, det er ikkje moro å stå i ein stige med brekkjern utan å vera sikra. Brekkjern var forresten ikkje nok, eit skikkeleg langt skogsbrytejern måtte til. Heldigvis var ikkje denne siloen impregnert så han vart til god ved.
Den store siloen var meir utfordrande, det var 8 meter ned og lite plass til å setja opp stigar så her var det å henga i tau og saga og bryta etter beste evne. Det var ein seig kamp før ein kom så langt at alle spikrar og band var nede og ein kunne til å lø han ned men det gjekk bra.Denne siloen var av 4″ impregnerte golvbord, desse har me teke vare på og vil bruka til eitkvart.

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no