I helga reiste me i Kroné, stølen til Store Ringheim. Me det var Jorunn, Svein Ivar, Ju Jeong, Erlend og meg. Det finnes vel knapt ein Vossagard utan fjellstøl, vår ligg altså i Kroné rett nord for Svartahorgi eller for dei som ikkje er lokalkjende – i øverste enden av elva som endar ved Tvinde Camping.
Stødl er eit paradis der me reiser når me treng fred og ro, eller berre skal ha det godt. Helga gjekk med til avslapping og fisking – som vel eigentleg også er avslapping : ). Selet vårt er lengst til høgre, lengst til venstre er selet til Vetle Ringheim og i midten er floren til Eggjahaugen.

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no