Taket


Etter at svolene vel var oppattbygde var det på tide med taket. Snikkarane til Byggm. D. Gjøstein hadde allereie drive ei stund med hovudtaket. Som tidlegare fortalt vert dei store hellene brukt oppatt. Til svolene hadde me ikkje nok store heller samt at ein del av dei som var der frå før var av svært dårleg kvalitet så me valde å bruka 12 X 18 dråpelapp av Vossaskifer. Litt intens leiting på Finn.no gav ikkje så mykje resultat, den skiferen me såg på der var ofte av dårleg kvalitet eller for langt vekke.
Løysinga kom rekande på ei fjøl via ei lysing i lokalavisa Hordaland, ei hytte på Oppheim skulle rivast og taket var til sals rimeleg mot riving og fjerning. Me fekk tilslaget og reiv taket og frakta det ned her.
Også på svolene vart det lagt sutak av rupanel med duk oppå. Så vart det lagt rekter og lekter og pallane med skifer vart heiste opp på taket og lagt. Det var litt putl sidan det var meir som valma no i hjørnane så der måtte det leggjast forsterkingar under sløysane.

Til sist vart det sett opp takrenner av trykkimpregnerte bord og grovrestaureringa var over.

Posta i