IMG_2024IMG_2008

I år var det ein ny vri på Pinnakjøtkvelden vår på skjærtorsdag. Sjølvaste Willy Roger frå Vossakjøt stilte opp og hadde ølsmaking av øl frå Handverksbryggeriet Vossabrygg og smaking av god spekemat frå Vossakjøt før me sette oss til bords. Skikkeleg suksess, alle vart i strålande humør av å smaka litt godt øl med godt følgje godt og klangfullt presentert av Willy Roger.

IMG_2035IMG_2021

Etter ein god halvannan time med interressante og gode produkt frå Vossakjøt var omsider tida komen for å eta opp pinnakjøtet frå 2015. Det vart fullt i restauranten med svoltne gjester og det vart høg stemning når nydampa (på bjørkepinnar – me køddar ikkje med pinnakjøt) pinnakjøt kom på bordet og det gjekk unna så det kvein – for pinnakjøtet var framleis knakande godt. Me vart faktisk litt uroa om det vart nok ei stund for her var det berre å eta til det vart tomt, og gjestene tok oppgåva på fullt alvor, men det heldt heilt til slutt.

Velnøgde gjester strekte seg med eit lite sukk medan me rydda ut fat fyllte med med kvite bein og bar inn kaffi og litt kake til avslutning av måltidet.

Så var det tid for denne karen.

IMG_2042

Sjølvaste Jon Aske hadde teke turen og avslutta ein særdeles vellukka kveld med fengande viser, «sannsoger» som fekk fram gapskratten hjå folk og sjølvsagt til slutt så kom Slumpelukko, soga om den fantastiske fisketuren til Kolbein Hauso skriven av Per Sivle.

Me marknadsførte kvelden som ein skikkeleg Vossakveld og det vart det med mange høgdepunkt av Vossamat, drykk og kultur, og om du var ein av dei uheldige som ikkje fekk plass i år får me berre ynskja betre lukke neste år:)

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no