Winemakers dinner med Francois Lurton

For alle dykk som set pris på god mat og drikka, hugs å set av 8nde oktober, for då vert det ein skikkeleg mat og vinkveld på Store Ringheim.

Lurton Mas Jamail

Ein god firerettar av det beste Voss og Hordaland kan by på av råvarer i saman med vinar frå Francois Lurton.

Etter drøye 25 år i toppskikt i vinverda er François Lurton framleis lika aktuell. På slutten av 80 og 90 talet jobba François som flying winemaker i Argentina, og tok til å kjøpa vinmarker for å byggja opp nye vingardar. Pionerånd og hardt arbeid gav suksess og i dag lagar han vinar med framifrå resultat frå både nye og gamle vinverda.

Som ein ekstra vri på det heile vert det to glas vin til kvar av forrettane og hovudretten – eitt frå den gamle og eitt frå den nya vinverda, så kan kvar og ein gjera seg opp ei meining om kva som høver og smakar best. Vinane vert sjølvsagt presentert av ein representant frå Vinhuset medan me fortel litt om maten.

Me kjem attende med litt meir detaljar og pris om ikkje så lenge men inntil då må de setja ein raud ring rundt 8/10 – 16..