Lokal mat – vår matfilosofi

Bærekraftig mat - frå åker til bord

border

Me likar å laga mat av gode og ferske råvarer. Me foredlar kjøtvarer og dyrkar ein del grønsaker sjølve. På garden har me eigen jordbæråker, ulike bærbuskar og ein stor kjøkkenhage med både blomar & urter. Me likar oss ute i naturen - og me sankar sjølve urter, sopp og bær som me brukar i maten vår.

Mykje av det du finn på frukostbordet og i våre rettar i restauranten, ja det kjem frå vår eigen gardsmatproduksjon.

Det me ikkje produserer eller sankar sjølve, ja det vert levert mest mogleg frå dyktige lokale produsentar, som leverer den gode kvaliteten me ynskjer å ha.

Hjå oss vert alle rettar laga frå botnen av. Dette gjer at me veit alt om kva som er i maten me lagar og serverer. Dette gjer og at kjøkenet vårt er svært fleksibelt. Me lagar sjeldan lokale spesialitetar, men om det er ynskje for det så lagar me det sjølvsagt - og då av det beste av gode lokale råvarer.

Kort sagt så likar me å laga god mat til deg.

Store Ringheim Gardsmat

border

Det som me ikkje nyttar sjølve i hotell- og restaurantdrifta vår av kjøtvarer, det sel me gjennom vår vesle gardsbutikk under namnet Store Ringheim Gardsmat.

Gardsbutikken vår på nett er for tida deaktivert. Kontakt oss direkte om du ynskjer å kjøpa våre gardsmat-produkt.