Nyttår på Store Ringheim

Lat 2015 dra sine siste sukk med ei stilig og koseleg feiring i restauranten på Store Ringheim, kjend for god mat og stemningsfulle omgjevnader.

Me møtest i 7 tida om kvelden og nyt ein god champagne som aperitif før ein sessar seg i restauranten i halv åtte tida.

Der serverer servitørane kjøkenet ein fem rettars middag kreert av kjøkenet berre for denne kvelden, alt er basert på lokale råvarer og me kan lova at aktiviteten har vore høg på kjøkenet heile dagen for å laga godsakene frå botnen slik mat skal lagast.

Det er sjølvsagt sett saman ei god pakke med matchande drykk til dei som ynskjer det ellers er det eit godt utval både med og utan..

Lat praten flyta lett både med kjende og ukjende medan fulle tallerkar kjem inn og tomme fer ut, kanskje ei god tid til å sjå kjærasten djupt i augo og ynskja noko godt for det nye året, kven veit.

Etter eit langt og godt måltid er det tid for ein liten kaffi og meir og venta litt på at tida går mot dei siste minuttane av 2015, så når tida er der går me ut på terrassen og skyt inn 2016 med fyrverkeri, klemmer og ynskjer alle det beste for det komande året.

Vil du feira slik..ring og ting på 95406135 eller book på booking@storeringheim.no

Prisen for kvelden med aperitif, 5 rettar, kos og fyrverkeri er kun kr 690,- pp