Det er noko eige med å eta rotnorsk mat som Smalahove og røykt pinnakjøt i eit koseleg rom i ei gamal løa. Det er sjeldan ein kjenner seg meir Norsk enn nett då.

Me er gode på mat laga av lam, og godt er det sidan det vert produsert så mykje lam på Voss. Og ja, me serverer berre Vossalam som me får hjå Voss Gardsslakteri.

Smalahova får me frå Smalahovetunet, all annan tradisjonsmat som pinnakjøt, rudlepylsa, røykjekjøt, korv osv lagar me sjølve her på bruket etter gamle oppskrifter frå garden. Her vert det ikkje juksa, salta og røykt på oreved og deretter hengt til modning, fenalåra heng til gauken gjel om våren som dei skal gjera.

Jolaborda våre er også spesielle. De vert ynskt velkomne til gards med eit godt glas sider frå Ulvik, deretter er det småprat og kos til bordseta startar ein halvtime etter. Me har ikkje buffet med alt for mykje mat. Nei, me serverer ein god fire rettars jolamiddag der det er ein hovudrett med heimalaga pinnakjøt og ein med tradisjonell svineribbe med sprø svor – dette mettar dei fleste, og så er det vel koseleg å sitja i fred hjå bordet medan ivrige tenestefolk svirrar rundt og serverer.

Måltidet vert runda av med ein god kopp kaffi til desserten før hovudsalen vert rydda til dans til musikken til Laine de Wolfe utover i dei små timane. Ei veitla til å minnast.

 

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no