Julebord på Store Ringheim

Jolabord på Store Ringheim, maten er no komen i hus

På Store Ringheim er me komne godt i gang med å laga klar maten til dei tradisjonsrike jolaborda våre frå midt i november til midt i desember.

Me held no på å salta og røykja gode Gjerdåkerlamb frå Selheim Gardsslakteri, dei held prima kvalitet i år takka vera gode fjellbeite så her skal det verta topp pinnakjøt.

Frå Selheim har me også fått inn store, gode, utegangargriser i heile sommar, av desse har me spart på sider og svangar som skal verta møyr og god svineribba med knusprande sprø svor.

Opplegget vårt vert som det er kvart år.

Me startar i sjutida om kvelden med ein sprudlande aperitif frå Nils Lekve i Ulvik, deretter sessar gjestene seg halv åtte, dei fleste i kvart sitt rom til maten – det skal då haldast både talar og skålast. Deretter byrjar serveringa. Me har ikkje buffet men flinke tenestefolk som kjem berande med maten til dykk.

Fyrst kjem det ein god førerett – den er ikkje bestemt endå men me har etterkvart utvikla gode kunnskapar innan røykjing og graving og fisk så det kan tenkjast at det vert noko med det.

Deretter kjem hovudrettane, ei servering med godt, heimalaga pinnakjøt og ei servering med sprøsteikt svineribba, båe med tradisjonelt tilbehøyr.

Multebær frå hemmeleg lokal plass

Til sist, om det framleis er plass (alltid plass til dessert) kjem desserten. Den varierer sjølvsagt frå år til år, men det brukar alltid å vera litt molter frå Stødl vår i den, så også i år sjølv om det var eit litt trist molteår.

Til desserten serverer me kaffi for det kan nok trengjast etter all den gode maten:)

Når so alt er ete og dansefoten byrjar å rikla på seg ryddar me det største rommet og riggar til fest. Musikanten vår kjem og spelar god dansemusikk heilt til det er på tide å gå heim sånn om lag midt på natta (02:30)

Høyrest dette ut som ei oppskrift på eit vellukka jolabord..så er det berre å kontakta oss:)