Julekonsert, lørdag 18/12

Me har den gleda av å invitera til «En Nordisk Julekonsert» med Sigrid Moldestad & duoen HazeliusHeding, laurdag 18. desember her på Store Ringheim!

I ei triveleg atmosfære i Smalaflor’n vert det 2 konsertar denne kvelden. Den fyrste kl. 17:30 og den andre kl. 20:30.

Billettar til jolekonsertane kjøper du HER

Joleavslutning!

Kvifor ikkje kombinera jolekonsert med eit smakfullt måltid & hygge, før eller etter konserten?

I Restaurant Flor’n serverer dagens 3 rettars meny eller jolameny (førehandstinging) denne førjolskvelden. Nyt god mat & drikke i rolege og unike omgjevnader på Store Ringheim.

Restauranten er open frå kl. 17:00 til kl.23:00, medan kjøkenet stengjer kl. 21:00.

Om de er ei gruppe på minimum 10 personar som ynskjer å eta til dømes før fyrste konserten, ja så ordnar me sjølvsagt det om det vert tinga bord i god tid på førehand (nb. det er begrensa kapasitet).

Bordtinging på telefon 954 06 135 eller e-post

Overnatting? Pr.dags dato har me framleis nokre ledige rom denne siste helga før jol.

Laurdag 18. desember er siste kvelden me held ope før jol. Me tar oss ein liten velfortent ferie – og opnar dørene att for både hotell og restaurant, 3. joledag.

Posta i