Jordbærver

Det kan sjølvsagt berre vera noko me trur men det verkar som om kvart år når sesongen er i gang så byrjar dritveret. Varme, regn og uver er noko av det verste som finnes for mogne jordbær – då er det råtetid.I det siste har me hatt nett slikt ver, ja i går var det… Read more »

Profilering

Det er lenge til me skal opna men me har likevel vald å satsa på å utvikla profilen og starta marknadsføringa av prosjektet. Me meiner at det er svært viktig å vera klar og gjerne ha ein god del tingingar den dagen me opnar.Profilering er viktig sidan profilen på mange måtar skal visa kva me… Read more »

Kaos i tunet

All denne rive, bære og byggeaktiviteten på ein gong fyllte sjølvsagt opp tunet med rus, rask og treavfall på rekordtid.Alt dette måtte så sjølvsagt sorterast og fjernast. Alt som var reint nok kappa me opp til ved, men innsausa vegger frå stall og smalflor ville me ikkje ha i hus. Det hagla med velmeinande gode… Read more »

Jordbærtid

Livet går sin gang på garden sjølv om mykje dreier seg om prosjektet vårt. No er det jordbærtid. I dag var første dagen vår på torget denne sesongen, på høg tid. Det er vel omlag det seinaste me har byrja nokonsinne. Bæra var gode og søte då, dei vert berre betre dess lenger det går… Read more »

Brudlaup

Store Ringheim skal også vera staden for dei store anledningane slike som brudlaup. Der har huset lange tradisjonar allereie sidan dei fleste brudlaupa her på garden er vorte feira der. Bileta her er frå mor og far sitt brudlaup på femti talet. Det var eit tradisjonelt bondebrudlaup som vara i tre dagar. Det var prosesjon… Read more »

Utgraving

Etter at alt som kunne rivast var rive og utbore var det tid for å fjerna 150 år med drit. Heldigvis var det nå plass til ei lita gravemaskin inne i løa. Denne kunne lessa opp smalamøk i hengaren som eg køyrde ut på bakkane, resten eller mesteparten av det som var der inne var… Read more »