Tømming av løo

Etter at takhellene var tekne av kunne me riva ned svolene og gå i gang med å tømma ut alt som hadde lagra seg opp i løpet av 150 år. Det var litt av ein jobb. Først vart alt laust bore ut og sortert, det meste kom i kast haugen men eitt og anna var… Read more »

Dei første gjestene..

Dei første gjestene er på plass i løo, dei har laga seg buplass oppunder taket rett over låvedøra. Foreldra har hatt travle tider ei stund no med å jaga flugar og anna mat som dei har fora opp desse søte små med.Dei kan vel knapt kallast betalande gjester sjølv om dei held nede flugebestanden i… Read more »

Vossaløe, kva er det?

Ei vossaløe er ein spesiell konstruksjon som har vore svært utbreidd på Voss i eldre tid. Det er ein konstruksjon der løa står på stavar og er såleis ein kombinasjon av tømmer og grindbygg. Grunnen til at di vart utvikla her er nok at det var rikeleg med tømmer på Voss i motsetnad til ytre… Read more »

Menyar etc

I desse dagar er me såvidt byrja å laga menyar for mat som skal serverast i løa. Me har ikkje noko i boks enno men har drøfta oss fram til nokre føringar i arbeide. Maten skal halda høg kvalitet.. Det kjem ikkje til å verta servert tradisjonell snøggmat (fast food) Me satsar på lokale råvarer… Read more »

Restaurering av taket

Taket på løa var i ein heller tvilsom forfatning men heldigvis framleis nokonlunde tett. Det skumle var at åkane på sperrene var byrja å rotna så hellene var på sig og kunne eigentleg detta ned kortid som helst. Det er her snakk om heller på 1,5 X 2m som veg mange hundre kg så risikoen… Read more »

Løo før restaureringa

Før restaureringa sto løo nett som ho hadde gjort når siste dyret forlet bygningen året før. Som de ser av bileta var det rimeleg trongt og skite der inne. Løo var tilpassa dei endra hauste og konserveringsmetodane for gras ved at det var sett inn siloar i høybrot og kornbrot. I nord hjørnet var det… Read more »