Mmm…jordbær!!

Det er søte tider no, me har akkurat starta å plukka Florence, den seinaste sorten me har. Sesongen så langt har vore litt skjemt av regn, desse bæra er fastare og toler litt meir væta. Og at dei er gode kan nok dei ti jentene på biletet gå god for. Dei kom oppom åkeren her… Read more »

Vasking

Tømmerveggane var dekte av 150 år med skit, alt dette måtte vekk både der veggane skulle vera synlege og ellers. No, når alt var tomt, var det rette tida til ein storvask. Me fann ut at beste metoden var med høgtrykkspylar, først bløyta og så gå laus med full kraft.Det var eit ekstra moment med… Read more »

Jordbærver

Det kan sjølvsagt berre vera noko me trur men det verkar som om kvart år når sesongen er i gang så byrjar dritveret. Varme, regn og uver er noko av det verste som finnes for mogne jordbær – då er det råtetid.I det siste har me hatt nett slikt ver, ja i går var det… Read more »

Profilering

Det er lenge til me skal opna men me har likevel vald å satsa på å utvikla profilen og starta marknadsføringa av prosjektet. Me meiner at det er svært viktig å vera klar og gjerne ha ein god del tingingar den dagen me opnar.Profilering er viktig sidan profilen på mange måtar skal visa kva me… Read more »

Kaos i tunet

All denne rive, bære og byggeaktiviteten på ein gong fyllte sjølvsagt opp tunet med rus, rask og treavfall på rekordtid.Alt dette måtte så sjølvsagt sorterast og fjernast. Alt som var reint nok kappa me opp til ved, men innsausa vegger frå stall og smalflor ville me ikkje ha i hus. Det hagla med velmeinande gode… Read more »

Jordbærtid

Livet går sin gang på garden sjølv om mykje dreier seg om prosjektet vårt. No er det jordbærtid. I dag var første dagen vår på torget denne sesongen, på høg tid. Det er vel omlag det seinaste me har byrja nokonsinne. Bæra var gode og søte då, dei vert berre betre dess lenger det går… Read more »