Utgraving

Etter at alt som kunne rivast var rive og utbore var det tid for å fjerna 150 år med drit. Heldigvis var det nå plass til ei lita gravemaskin inne i løa. Denne kunne lessa opp smalamøk i hengaren som eg køyrde ut på bakkane, resten eller mesteparten av det som var der inne var… Read more »

Svinhuset

Svinhuset på garden var eit lite rom murt opp under låvebrua. Der var det trongt og mørkt sjølv om det opprinneleg var ein liten glugge ut der som steinsiloen ligg no. Eg kan ikkje hugsa at det har vore griser der, sannsynlegvis vart det slutt på det då gamlefloren vart riven og ny flor sett… Read more »

Stødl

I helga reiste me i Kroné, stølen til Store Ringheim. Me det var Jorunn, Svein Ivar, Ju Jeong, Erlend og meg. Det finnes vel knapt ein Vossagard utan fjellstøl, vår ligg altså i Kroné rett nord for Svartahorgi eller for dei som ikkje er lokalkjende – i øverste enden av elva som endar ved Tvinde… Read more »

Riving av siloane

Siloane var eit kapittel for seg sjølv. Silohistoria på garden starta på 60 talet då det vart støypt ein solid bunkers der som den nordlige svola var før. Denne vart fyllt med ei høykanon og pressa ned med stein som vart lempa ut og inn gjennom eit hol i veggen. Tungvint kan me nok tykkja… Read more »

Tømming av løo

Etter at takhellene var tekne av kunne me riva ned svolene og gå i gang med å tømma ut alt som hadde lagra seg opp i løpet av 150 år. Det var litt av ein jobb. Først vart alt laust bore ut og sortert, det meste kom i kast haugen men eitt og anna var… Read more »

Dei første gjestene..

Dei første gjestene er på plass i løo, dei har laga seg buplass oppunder taket rett over låvedøra. Foreldra har hatt travle tider ei stund no med å jaga flugar og anna mat som dei har fora opp desse søte små med.Dei kan vel knapt kallast betalande gjester sjølv om dei held nede flugebestanden i… Read more »