Restaurant Flor’n

RESTAURANT FLOR'N, med smaken av Voss!

border

Opningstider

border

1. mars - 30. april 2024;

ONSDAG til LAURDAG

kl. 17.00 - 23.00

Kjøken stengjer for nye bestillingar kl. 21.00

Bordbestilling.

border

For grupper & selskap;

Kontakt oss for førespurnad utanom våre faste opningstider.

Design.by.Giske_storeringheim_MENY_mars.2024_00

I Restaurant Flor'n byr me på jordnære & rustikke måltid, laga av sesongens beste  lokale & kortreiste råvarer. Menyen vår er ikkje så stor, men me har alltid noko godt av både kjøt & fisk å by på, samt gode dessertar som prikken over i'en.

Me likar det rustikke, med fokus på den gode smaken, samstundes som den skal vera like god for auga som for ganen. Alle rettane i si heilheit er sjølvsagt laga frå botnen av på vårt vesle kjøken.

Menyen vår skiftar jamnleg ut frå kva som er tilgjengeleg av gode råvarer på den aktuelle tida. Sjølv om det kanskje er den same råvara som står på menyen, så kan mykje ha endra seg frå forrige med meny med tilbereding, tilbehør og smakskombinasjonar.

Ulike allergiar, eller kanskje vegetarianar? Me har alltid nokre alternativ på lur om det ikkje skulle vera på dagens meny.

Inntil måltida er det sjølvsagt høve til å nyta god lokal drykk, slik som vårt eige handverksøl, "Vetle Ivar". Dette ølet er ein hyllest til 8. generasjon brukar og resultatet av eit smakfullt samarbeide med L/L Voss Fellesbryggeri vinteren 2021.

Selskap & grupper; Kontakt oss for førespurnad utanom våre faste opningstider.

border
Design.by_.Giske_storeringheim_paske2024_pinnakjotkveld_01

PÅSKEN 2024

border

PINNAKJØTKVELD, skjertorsdag 28. mars kl. 19.00.

Pinnakjøtmiddag på Store Ringheim vis med tilbehør og dessert, kr. 650,- pr. person. Bordtinging.

Ingen a la carte meny denne kvelden.

border

Langfredag 29. mars

Påskeaftan 30. mars

Ope 17.00 - 23.00

Kjøken stengjer for nye bestillingar kl. 21.00

A la carte meny • bordtinging

GRUPPER

border

Me tek i mot grupper på minimum 10 personar utanom våre faste opningstider. Kontakt oss for førespurnad.

Sesongens 3 rettars meny  •  Sesongens 5 rettars smaksmeny  •  Sesongens festmeny  •  Smalahovelag  •  Ølsmaking med noko attåt  •  Lunsjgrupper  •  Sommaravslutning  •  Haustfest  •  Jolabord  •  Venelag  •  Firmasamlingar  •  Selskap  •  Minnestunder  • 

storeringheim_grupper_hagestue_02
Design.by.Giske_storeringheim_selskap_blokk_01

VÅRE SELSKAPSLOKALER

border

Hjå oss på Store Ringheim møter du ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmerveggar, fine og unike detaljar, moderne komfort og ei heilt spesiell atmosfære - som byr på den perfekte råma for å feira ulike livshendingar.

Me har lokale i ulike storleikar å by på; Smalaflor'n, Restaurant Flor'n, Tømmerstovo, samt vår trivelege hagestove ute på terrassen i sommarsesongen.

LOKAL MAT - VÅR MATFILOSOFI

border

Bærekraftig mat, frå åker til bord!

Me likar å laga mat av gode og ferske råvarer. Me produserer ein del sjølve, resten hentar me mest mogeleg lokalt frå flinke produsentar som leverer den gode kvaliteten me ynskjer å ha. Me likar oss ute i naturen - og me sankar sjølve urter, sopp og bær som me brukar i maten vår.

Hjå oss vert alle rettar laga frå botnen av. Dette gjer at me veit alt om kva som er i maten me lagar og serverer.

Design.by.Giske_storeringheim_gardsmat_blokk_9076
border