Gardshuset
Gardshuset inneheld:
2 doble superiorrom (Kjøken og Kammerset)
2 doble junior suiter (stova og lemmen)
1 firasengs på loftet (Øpstelemmen)
1 svært spesielt historisk rom i den gamle årestova frå 1600 talet. (Eldhuset)
Alle romma har eige bad med dusj og toalett.
Det er elektrisk oppvarming i alle rom, i tillegg har junior suitane og Eldhuset også vedomnar/peis.
Til tross for at det er eit gamalt tømmerhus har me lukkast med nokonlunde god lydisolering så det er ikkje spesielt lytt i huset når det gjeld stemmer, men det kan vera litt lytt for fottrinn.
Alle romma har vatnkokar og eit utval te/pulverkaffi, flatskjerm tv og WiFi.
Det er ikkje minibar eller kjøleskåp.
Me har dagleg vask/rydding på romma og resepsjonen står til teneste døgnet rundt.
Det er ikkje lov å ta kjæledyr inn på romma.