Eldhuset

Eldhuset

border

"Eldhuset" er den eldste delen av hotellet og det mest spesielle rommet, - perfekt for eit romantisk opphald. Eldhuset er opprinneleg ei gamal årestove frå 1600-talet og det som var hovudhuset på garden fram til tippoldefar, Peder Ringheim, bygde lemstovo inntil i 1860.

I årestova kjenner du det historiske suset i veggane. Her har mange generasjonar levd sine liv i glede og sorg. Rommet er no atter ei gamal stove med røykfarga veggar og tak. Eldhuset er ei stor juniorsuite med ei flott rosemåla himmelseng, peis og sittegruppe. Bak ei rosemåla dør skjuler det seg eit moderne flislagt baderom.

  • Rosemåla himmelseng, 150 breidde
  • Sittegruppe
  • Moderne baderom med dusj & toalett
  • Vannkokar og eit utval av te/kaffi
  • TV
  • Trådlaust nett
  • Peis & eletrisk oppvarming
  • Dagleg vask & rydding
  • Frukost

 

Me har ikkje kjøleskåp/minibar på rommene.  •  Det er ikkje lov å ta med kjæledyr på rommet.

Innsjekk frå kl. 16.00 og fram til kl. 20.00, utsjekk innan kl. 12.00.

e: booking@storeringheim.no  •  t: +47 954 06 135

border