Lenge leve kjærleiken!

Ta ein pause frå kvardagen og inviter din kjære på eit romantisk opphald hjå oss? Overnatting i Eldhuset, Stova eller Lemmen med fyr i peisen, bobler, sjokolade & blomar på rommet – og ein flott 3 rettars romantisk middag i restauranten.

Legg bort mas, stress og distraksjonar og slapp av og nyt kvarandre i rolege og harmoniske omgjevnader her hjå oss. God middag i selskap med kvarandre, med fyr på peisen og levande ljos godt fylgd av god drikke kveikjer opp att gneistane som ein gang var der til ein varmande eld av kjensler. Ein god frukost i fred og ro gjer godt om morgonen, før ein dreg ut og ser på kva Voss har å by på.

Pakka kan bestillast på heimesida vår, og kostar 4490,- for to pers. pr natt.

Me legg til rette for romantikk, med bobler i glaset, sjokolade og roser.

Contact us

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no