STORE RINGHEIM HOTELL - REISKAPSHUSET

border

Velkomen heim til Store Ringheim hotell & restaurant, staden for dei gode opplevingane. Store Ringheim er eit lite boutiquehotell med 15 unike & særprega rom i "Gardshuset" og "Reiskapshuset". Me er stolte medlemer av "De Historiske Hotell- og Spisesteder"

Det gamle Reiskapshuset frå 1980-talet, vart bygd om og teke i bruk som hotell vinteren 2017. Her har me 9 moderne hotellrom i ein god storleik, alle innreia i same stil som resten av hotellet.

Hjå oss skal du kjenna deg som heime, difor har romma i Reiskapshuset alle fått namn etter fjella ikring oss her på Voss. I Reiskapshuset har me 6 doble superiorrom og 3 dobbeltrom.

Hotellromma i vårt boutiquehotell er komfortable, romslege og fint restaurerte. Dei er av ulik storleik og alle romma har moderne flislagde baderom med dusj. Her er gode sittegrupper, fjernsyn, vasskokar og det du treng for ei god overnatting. Me har sjølvsagt trådlaust nett i alle våre bygningar.

Alle overnattingar i vårt vesle boutiquehotell inkluderer sjølvsagt ein god heimelaga frukost i rolege omgjevnader i Flor'n.

Innsjekk frå kl. 16.00 og fram til kl. 20.00, utsjekk innan kl. 12.00. 

border

Transport til/frå Store Ringheim

border

Her på Store Ringheim er me opptekne av miljøet - og me oppmodar gjestene våre til å bruka mest mogleg miljøvenleg transport opp til oss. Kjem de til Voss med tog, så kan me etter avtale henta/bringa dykk i hotellbussen vår.

Nb. Dette må avtalast på førehand/ved booking.

BUSS: Frå Voss Stasjon i sentrum går buss 964 retning Bavallen. Buss stopp i krysset til Mølstervegen, då er det 5 min å gå opptil garden.

TAXI: Frå Voss Stasjon kan de og ta drosje. Bestill hjå Voss Taxi på tlf. 56 51 13 40.

Om de kjem med eigen bil eller motorsykkel, så har me ein stor gjesteparkering på oppsida av tunet. Her er parkerer du gratis medan du er gjest hjå oss. 

Det er og mogleg å gå hit, det er ein spasertur på omlag 25 minutt frå sentrum.

border