Møter, samling, kurs & konferanse

Velkomen heim til Store Ringheim på Voss der du møter ei anna verd, hus med sjel, rustikke tømmervegger, fine detaljar og ei roleg atmosfære. Nye og uvanlege omgjevnader gjev inspirasjon og grobotn for nye tankar, nye perspektiv. I ei roleg atmosfære tilbyr me alt de treng for å gjennomføra ei god samling: lokale, teknisk utstyr, god mat & drikke og overnatting.

Ei samling på Store Ringheim handlar om å ha gode arbeidsforhold, få god service og nyta god lokal mat. Alt det andre rundt samlinga tek me oss av, slik at de kan konsentrera dykk heilt om det som de kjem hit for.

Me har ulike standard møtepakker å by på. Desse kan me tilpassa og skreddarsy etter dykkar ynskje og behov. Les meir her.

I Smalaflor’n kan de vera inntil 40 personar og i Tømmerstovo inntil 20 personar.

Kontakt oss for førespurnad om ledige datoar, lokale & prisar

Posta i