Det store pinnakjøtgildet vårt vert i år som ellers på Skjærtorsdag, 29.mars kl 18:00. Me sikra oss i fjor haust slik at me lagde rikeleg med pinnakjøt, so me har meir enn nok att til eit skikkeleg etegilde.

Me vil sjølvsagt ha litt underhaldning og litt anna, og etter innleiande program sessar folket seg. Då kjem pinnakjøtet på bordet, og berre så det er sagt – målet er å eta opp alt me har att. Dette gjekk nesten i fjor etter imponerande innsats av gjestene, me hadde nett att nok til ein liten grynasupan etterpå, godt jobba!

So treng de å byggja opp energilagera til hard innsats i påskefjellet eller kanskje de berre likar pinnakjøt og fest, kva veit me, de er uansett hjarteleg velkomne på Skjærtorsdag.

Pris pr. pers: 350 kr

For påmelding: Ring oss på 95406135, eller send epost på booking@storeringheim.no

Contact us

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no