Når me steller i stand til selskap på Store Ringheim er det med same kjærleik og flid som om me steller i stand til næraste familie og vener. Me er stolte og takksame for at de har vald nettopp vår stad til å feira hendinga dykkar og gjer det me kan for at det skal verta vellukka.

Ta kontakt med oss på 95406135 eller post@storeringheim.no så kan me saman finna ut korleis du vil ha selskapet ditt,

Me har tre salar der me kan skipa til selskap:

“Storesalen” der det er plass til opptil 92 personar ved maks bordoppsett

“Restauranten” der det er plass til inntil 50 personar

“Tømmerstovo” der 30 personar er maks.

De kan ha med eigne kaker eller kaker som vener og kjære har baka, det er ein fin og personleg gest, me tek betalt for kaffiserveringa og arbeidet med å ta imot kaker og laga/rydda vekk kakebuffeten.

Pris kr 90,- pp

Selskapsmenyar tre rettar middag kr 550,-

Forrettar:

  • Skinke frå Tveite Gard speka i to år i lag med melon
  • Akevittgrava laks med eggetoast
  • Suppe (fisk, grønsak, strutseveng eller skaldyr)

Hovudrettar:

  • Kvitvinsbraisert Vossalam med honningglaserte rotgrønsaker, grønsaker, poteter og raudvinssaus
  • Raudvinsbraisert oksekjøt frå Voss Gardsslakteri med tilbehøyr som over
  • Langsteikt svinenakke med eplepure, poteter og appelsinsaus

Dessertar:

  • Sjokolademousse med sesongbær og iskrem
  • Appelsinmousse på kjeks
  • Karamellpudding med karamellsaus

 

Contact us

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no