Då var skreien endeleg komen, litt tidlegare I år enn I fjor. På Store Ringheim feirar me dette med å gje ein ekstra god pris på skreimenyen vår ut januar. Me kan tilby skinnsteikt skrei med sesonggrønsaker, spinapotetmos og safransaus 20% rimelegare, kun kr 220,- fram til 31.01.

Skrei er nook av den beste fisken me kan få tak I, oppvaksen I iskalde Barentshavet og fast og fint kjøt etter over 1000km vandring til gyteplassane I Lofoten. Kokkane våre frydar seg over slike råvarer og tryllar fram utruleg gode rettar som får til og med fiskehatarar til å sleikja seg om munnen.

Ta med vener eller slekt og ta ein skreikveld her hjå oss, det kan fort verta ein liten “høgdare” I vinter.

Skreibilete

(Foto: Johan Wildhagen/Norges Sjømatråd)

Contact us

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no