Gardsmat & gardsbutikk

Store Ringheim Gardsmat

border

Her på Store Ringheim er me svært opptekne av bærekraft og kortreist mat. Hovuddelen av gardsmatprodukta våre nyttar me i hotell- og restaurantdrifta vår. Resten sel me gjennom vår vesle gardsbutikk.

I nettbutikken til Store Ringheim Gardsmat vil du til ei kvar tid finna ei rad gode produkt som me har utvikla sjølve, i tillegg til meir tradisjonelle produkt etter gamle gardsoppskrifter. Utvalet vil variera ut frå sesong.

Me brukar kjøt frå lokale leverandørar og vilt frå Voss & Vestlandet. Produkta våre vert laga med så lite tilsetjing som mogleg - som oftast berre salt, sukker og pepar. Den viktigaste ingridiensen er faktisk tolmod, for det må ein ha skal det verta god mat!

Erlend Ringheim er hovudansvarleg for gardsmatproduksjonen på Store Ringheim.

Desember 2023; Gardsbutikken vår på nett er for tida deaktivert.

Kontakt oss direkte om du ynskjer å kjøpa nokre av våre gode Gardsmat-produkt. 

border