Kurs & Konferanse

Ei anna verd, eit hus med sjel, rustikke tømmervegger, fine detaljar og roleg atmosfære i tillegg til alt de treng for å gjennomføra ei god samling. Nye og uvanlege omgjevnader gjev grobotn for nye tankar, nye perspektiv.

Ei samling på Store Ringheim handlar om gode arbeidsforhold, god service og god mat. Alt rundt tek me oss av, de kan konsentrera dykk heilt om det de kom her for.

Treng de eit lite avbrekk i økta finnes det ei rad spanande aktivitetar like i nærleiken slik som www.vossvind.no i km frå oss eller Voss Rafting berre 2 km frå oss. Kanskje ein liten spasertur til Voss Folkemuseum og ei omvising der eller ein snartur i Bordalsgjelet, eit spektakulært elvegjel med tilkomst innover ei fjellhylle.

Me har 15 rom hjå oss, om de er fleire kan me tilby rom på Fleischers Hotell inklusiv skyss att og fram til same prisen som hjå oss.