Akkja, tide gaor.

Akkja, no var me skikkeleg gira på å setja i gang. Me har Voss Sparebank på laget, Innovasjon Norge er med, søknad om rammeløyve vart send 30.06 så me rekna med at i førstninga av september så var det full guff.
Men so viser det seg at søknaden vår, som var fremja i høve noko som heiter «Landbruk Pluss» eller «korleis skal me kunna leva av ein gard når dyrehald ikkje er lønsamt lenger» kanskje var litt for omfattande så sakshandsamaren på kommunen måtte senda den til uttale hjå Fylkesmannen. OK, tenkte me, det er vel han Lars det, som alltid har snakka så varmt om utvikling av tilleggsnæringar på gardsbruk, det går nok bra.
Men det gjorde det altså ikkje, ifølgje Fylkesmannen er prosjektet for stort til å koma innanføre «Landbruk Pluss», altså må me ha ein ny runde med søknad om dispensasjon frå kommuneplanen og kattane veit kva medan tide går.
Det går heilt sikkert bra til slutt når dei finn rett skuff å leggja det i men med forrige vinter (kalde vinter) i friskt minne hadde me ynskt at me kunne byrja litt tidlegare slik at håndverkarane slapp arbeida med to termodressar på, det hadde sikkert vorte rimelegare og.
Akkja…

Posta i