Den tida…

Tida strekk ikkje til nett for augneblinken noko de sikkert ser på aktiviteten på bloggen. Me er nett komne i hamn med årets jordbærsesong som strekte seg over nesten 6 veker mot normalt fire. Det har vore mykje vær og heller passeleg med bær så denne sesongen legg me no til kvile nederst i ei skuff! Det er også planteår i år, annankvart år plantar eg eit nytt hald og brakkar det eldste haldet. Me er no nett ferdige med å laga åker og har henta plantane i Birkenes nær Kristiansand – og jammen har me ikkje rukke å planta dei ut og. Me har hatt svært god hjelp frå to kjekke gutar frå Afganistan – Assad og Hazir, utan dei veit eg mest ikkje kor det hadde gått. Å planta alt sjølv med ein 54 år gamal rygg hadde nok teke eit par veker.
Me skal no endra fokus frå bær til løe att og me har fått signal frå kommunen om at byggesøknaden sannsynlegvis er klar i byrjinga av september. Det skulle difor vera mogeleg å starta opp midt i september. Me slepp altså å sjå arbeidsløysa i kvitauga denne hausten og :).

Posta i