Ekta Vossamat

I menyen for denne veka har me ekta Vossamat med innslag frå Granvin på menyen. Darius ville gjerne læra seg ein typisk lokal rett så eg tenkte at den maten som var mest vanleg her på garden når eg vaks opp kunne passa. Og retten er Røykjekjøt og korv med grynasupan.
Me har rikeleg med røykjekjøt etter pinnakjøtproduksjonen og me har god korv frå Skåramat i Granvin (men på grenso til Voss, he, he). Me kokar kjøtet i lag med erter, lauk og gryn i minst tre timar så legg me oppi korven så han får trekkja i minst ein halvtime før retten er ferdig. Me tek ein liten vri på potene og lagar ei god stappa med fennikel og så har me sjølvsagt nepestappa til – mmmmmå berre smakast 🙂

Her er menyen:

Meny veke 6
Forrettar:
1.      

Rakaure, servert på flatbrød med hakka løk, blanda salat og aure kaviar.

2.      
Frisk grøn salat med steikt krydra mozzarella ost, basilikum dressing.

3.      
Leiren laks med asparges, servert med hollandaise saus og raud kaviar.

Hovudrettar:
1.      
Dampa kvitfisk, servert i kraft med grønsaker, spaghetti nudler og sitron gras.

2.      
Røykjekjøt frå Store Ringheim, Skårakorv, servert med fenikkel potestappa og kålrotpuree i kraft med gule erter og gryn.

Dessertar:
1.      
Alaska dessert, servert med frukt og bringebær saus.

2.      
Ostatallerken (3 slags ost, frukt, kjeks)

3.      
Is frå Alm Gard

Posta i