Hausten er her og det bugnar med gode råvarer rund nøvene, ein veit knapt kvar ein skal byrja – her er det berre å hausta.

Me har laga ein god haustmeny med det beste av råvarer Voss og Noreg kan tilby – me har sjølvsagt lam frå Voss (Voss Gardsslakteri) samt anna kjøt frå Voss slik som hjort og gris (Tveite Gard), det dukkar opp neper og raudbetar frå Dugstad, frukt frå Hardanger, Laks frå Vosso, sopp og bær frå skog og fjell også vidare.

Ein gamal kjenning – Matjessild frå Eigersund er også attende, nyydeleg jomfrusild så feit og god at himmelen kjennest nær når ein tek ein bit, ja det er beint så ein vert heilt riven med:)

Og alt dette

Heile menyen finn de på heimesida vår: Haustmeny

-No i mørketida gjeld det å una seg ein koseleg kveld, ta han gjerne her hjå oss men hugs me er ikkje opne kvar dag lenger så om de vil koma ein vekedag er det lurt å ringja først:)

Helgene er opne som vanleg

 

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no