Inventar

For tida er me veldig opptekne av stolar, bord, porselen og slikt. Me skal ha  ein del av alt dette og det gjeld å finna det rette, både med omsyn til kvalitet og utsjånad.
No er det vel kanskje litt feil å sei me i denne samanhangen, eg er litt på «jordet» når det gjeld slike ting så dette også er Jorunn sitt domene.
Ho har sett igjennom utallige katalogar og det har vore ein del økter på internett så etterkvart har utvalet smalna inn til nokre få modellar men det er framleis vanskeleg. Prisen skal også passa budsjettet.
Det er utruleg mange småting og detaljar som skal på plass og tida fyk.. I forrige innlegg skreiv eg ein del om driftsopplegget framover og det er ambisiøst nok, det kan verta tøft for oss amatørar å få dette til å gli med ein gong men me satsar på å vera godt førereidde og at gjestene kanskje gjev oss litt slakk den første månaden.
Me vil i alle fall gjera alt for at det skal lukkast!
Posta i