Berre vel 3 månadar til jol allereie, du verden kor tida går:)

Det er tid for å tenkja på jolaavslutting og jolabord, me har tenkt på det lenge og har tenkt å vidareføra jolabordopplegget frå tidlegare år men med ei viktig endring – i år har me fire rettar jolamiddag i staden for tre rettar jolamiddag.

Opplegget vert dermed slik:

  1. Ankomst ca kl 19.00 eller før, aperitif med Kvasshovden sider eller eplamost frå Nils Lekve
  2. 19.30 går me til bords og forretten vert servert. Så går måltidet sin gang – først kjem ein tallerken med heimalaga pinnakjøt av Vossalam, korv, nepestappa og poter, deretter ein tallerken med svineribbe, medisterpølsa, raudkål og poter før det heila vert runda av med dessert og kaffi.

Skulle nokon framleis vera svoltne etter alt dette er det berre å gje ein lyd så ordnar me det:)

Me har også tenkt på vegetarianarar, allergikarar og slikt, gje beskjed på førehand så lagar me tilpassa jolamat.

Etter maten lagar me plass for dans i den største salen og Laine de Wolfe tryllar fram smektande dansemusikk eller ellevill rock and roll på pianoet og festen går ut i dei små timane.

Ei skikkeleg oppskrift på ei fin avslutting på året:)

Og det beste av alt er at prisen er den same som i fjor, kr 690,- for aperitif, middag og fest.

Desse jolaborda går av stabelen frå og med 20.11. og til og med 18.12. og kan tingast på 95406135 eller booking@storeringheim.no

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no