Det kan sjølvsagt berre vera noko me trur men det verkar som om kvart år når sesongen er i gang så byrjar dritveret. Varme, regn og uver er noko av det verste som finnes for mogne jordbær – då er det råtetid.
I det siste har me hatt nett slikt ver, ja i går var det så gale med vind og regn at parasollen min vart øydelagd og eg måtte reisa heimatt for første gong på 30 år. Heldigvis vart det betre utpå dagen så eg kunne reisa nedatt og seja resten av bæra.
I dag var det heldigvis betre, men no i kveld kom det sjølvsagt regn att og eg fryktar for korleis det går med bæra. Berre tida vil visa…
Inntil vidare er eg vel ein av dei ivrigaste på yr og pent, saumfer alle trendar for å sjå om det kan vera ei von på sikt.

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no