Nett no

Det har desverre vorte altfor sporadisk med oppdateringar her på bloggen. Mykje meir eigeninnsats enn me kunne tenkja oss må nok ta skulda for det.
Nett no er me komne så langt at det berre er detaljar att før me er operative. Sidan sist innlegg er golva komne på plass og tregolvet oppe er måla. Baren er oppe, skåp og slikt er på plass, fem tappekranar med øl står berre og ventar på gjester som likar godt øl betre enn pils. Kjøkkenet er klart, manglar berre tilkopling av gass, det skal skje i morgo.
Snikkarane er stort sett ferdige både ute og inne, røyrleggjaren har att litt monteringsarbeid og å få varmepumpa opp å gå. Elektrikaren, lydmannen og andre teknisk duppedittkarar driv på å få kompliserte løysingar inn i enkle former slik at me forstår dei og kan bruka dei 🙂
Ute er omsider all graving i tunet unnagjort og me driv og grusar og lagar det fint.
Til helga skal alle i prinsippet vera ferdige slik at me kan sleppa til med ein større vaskesjau og oppmontering av møblar og andre ting slik at alt skal vera klart til å ta imot gjester i byrjinga av juli.
Puuuh!
Ingen bilete no – kom og sjå!
Eller ring og ting, me har fått booking nr 95406135
Posta i