Øltapas

Tapas, små rettar til vin eller i utgangspunktet ein skinkebete brukt som lok på sherryglasa for å halda flugene ute, er eit velkjent omgrep for reisevande Nordmenn.
Øltapas er neppe det.
Me har teke fatt i materien og i samarbeid med kjøkkensjefen vår som kjem frå Litauen, eit land med rik ølkultur, har me utarbeidd eit knippe smårettar som passar godt inntil eit godt glas øl enten det no er med eller utan alkohol.
Ingenting av dette er ferdigmat sjølvsagt. På fatet er det spekekjøt av gardens produksjon, erter i baconfeitt (Vossabacon sjølvsagt) med litt krydder X, dette er ein Lituaisk tradisjonsrett. Ølkjeks med kryddermiks som matchar ølsmak (sjølvsagt laga her) og kanskje ostekrokettar (heimalaga dei og)

Som de ser så passar det heilt utmerka til alkoholfritt øl:)

Me byrjar å servera dette frå dags dato og me meiner det er eit svært godt alternativ til dei som gjerne vil besøkja oss men ikkje vil eta middag. Litt god mat til eit godt glas er i so tilfelle eit svært godt alternativ og ein porsjon med dette får ein grumlande mage til å tagna – for det er kraftkost!

Prisen er rimeleg – kr 85,- for ein porsjon

Rimeleg og godt!
Årets slager?? Kom og prøv og døm sjølve


 

Posta i