Ei lita oppdatering frå Store Ringheim

Som alle andre ligg me no på bakken med blå og gule fuglar svirrande rundt hovudet vårt medan me undrar på kva svartn va da so slo.

Alle selskap og overnattingar fordampa vekk på to dagar, og me permitterer inntil beinet.

MEN, me har ikkje tenkt å liggja lengje, heller ikkje stengja heilt og gå i svart før me evnt skulle verta pålagde det.

Me har god plass i restauranten vår så ein meter mellom kvar skulle ikkje vera noka problem, me har tre rom å servera i om nokon skulle føla for å sitja åleina. Her kjem på plass handspritstasjonar og me har innført tørkepapir på toaletta. Me går også jamnleg over og desinfiserar dørhandtak osv og har latekshanskar til dei som ynskjer det.

Ein annan ting er at me ikkje har normal opningstid for drop inn lenger, me ser liten vits i å preppa mat i von om at det kjem gjester, slikt vert det berre uturvande matsvinn av. Vil de koma opp her og kosa dykk litt i tunge tider må de ringja dagen før og gjerne sei kva de ynskjer å eta og.

Om det no er nokon som ynskjer ei natt eller fleire på det koselege hotellet vårt går det også heilt fint, einaste endringa der er at det ikkje er frukostbuffet lenger men at me serverer ein god frukost ved bordet, hugs å gje beskjed i resepsjonen om kva de likar til frukost og kva de IKKJE likar.

Dette er utfordrande tider både for oss og samfunnet ellers men på ein eller annan måte må livet gå vidare innan trygge og smittefrie råmer, slik me prøver å overleva på denne måten

Med Helsing og von om ei Koronafri framtid

Oss på Store RIngheim

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no