I lutter glede over det positive vedtaket gjekk me laus og rydda grundig opp rundt løa i går. Det var meldt regn slik at me hadde litt tidspress på oss sidan ryddinga innebar eindel flytting av materialar etc med traktor og me ville ikkje at det skulle verta blautt med traktorspor og elendigheit.
Erlend vart med og etter ein 6-7 timar var alt strøkent og klart til nytt innrykk av ulike håndverkarar. Det vert nok meir rot, me betalar for at håndverkarane produserer, ikkje at dei ryddar – det kan me gjera.
No går det nok enno ei veke eller to til alt er klart og muntre hammarslag kjem frå løa men no veit me at det går framover.

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no