Nett no når me trudde me var i mål kom det avslag på avkøyrsla for parkeringsplassen me har planlagt. Kva skal me sei, er vel litt overgjeven nett no. Det var spørsmål om me kunne vurdera ein annan stad til parkeringsplass. Det har me sjølvsagt gjort, det ligg ein heilt utmerka stad rett i nærleiken – men det er naboen sin:), har ikkje tenkt at han skal halda meg med parkeringsplass.
Me får vel berre prøva å få folk frå vegvesenet på synfaring, så får dei sjå om dei finn ein betre plass.
Ellers går ting sin gang, det er no rydda og oppshina inne i løa så det er klart til håndverkarane kjem..ein gong.

Kontakt oss

Tlf: (+47) 954 06 135
booking@storeringheim.no